Fritak frå plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag

Reglane for fritak gjeld for deg som har rett og plikt, eller berre plikt, til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Om du får fritak frå plikta, mistar du samstundes retten til gratis opplæring i framtida.

Du kan søkje om fritak frå plikt til opplæring om du:

  1. Kan dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk eller samisk. Kva dokumentasjon du treng, kan du sjå i det elektroniske skjemaet.
  2. Kan dokumentere tilstrekkelege kunnskapar om det norske samfunnet. Kva dokumentasjon du treng, kan du sjå i det elektroniske skjemaet.
  3. Ha særleg helsemessige eller andre tungtvegande årsaker som gjev grunnlag for fritak. I dette tilfellet må ein ha legeerklæring eller dokumentasjon frå til dømes spesialist eller psykolog.

Her kan du lese meir om UDI sine reglar for fritak dersom du skal søkje om norsk statsborgarskap.

Du kan ikkje søke kommunen om fritak om du:

  1. Har gjennomført plikta på 550 timar norsk og 50/75 timar samfunnskunnskap.
  2. Kom til Noreg før 2005. Det er UDI som behandlar søknadar om fritak før 2005.

Der er tre typar fritaksskjema, ut frå når du fekk opphaldsløyve:

Har du spørsmål?

Jasmin Eminovic
Rektor - Vaksenopplæring
E-post
Telefon 45 97 95 29
Mobil 45 97 95 29