Emma Nygård Sætre

Bilete av Emma Nygård Sætre lærar på Kulturskulen - Klikk for stort bilete

Emma kjem frå Stryn og har drive med folkedans frå ung alder, i tillegg til å vere med i lokale musikaloppsetnadar i Stryn og Nordfjordeid. Ho fekk sjølv songundervisning på kulturskulen, noko som har auka interessa for dette. Valet om å flytte til Sandane for å gå musikklinja på vidaregåande var naturleg. Der hadde ho song, piano og gitar. Og gjennom oppsetnad av musikal i tredje klasse skjønte ho at dette var noko ho ville halde fram med.

Som 19 åring flytta Emma til Oslo og starta utdanninga si i musikkteater, med fordjupning song og dans ved Bårdar Akademiet. Her fekk ho mykje kunnskap om skodespelteknikkar, vokal og dansestilar som ballett, jazzdans, stepping, kommersiell dans og hiphop. Etter dette tok ho eit år med kommersiell scenekunst der ho fekk vere med som dansar, korist og statist i stjernekamp, og jobbe med ulike folk i bransjen.  

Fyrste sommaren etter endt utdanning fekk Emma jobb som skodespelar i dyreparken i Kristiansand i rolla som Klatremus i Hakkebakkeskogen. I tillegg til dette byrja ho å jobbe som lærar i kulturskulen i Stryn der ho underviste i dans, teater og song, noko ho trivdes godt med.

No har Emma lagt karriera som Klatremus på hylle og flytta til Kaupanger for å ta lærarutdanning, samstundes som ho jobbar i Årdal kulturskule. Her har ho gleda av å undervise KuDaMuDra og Godt og blanda storband.