Christine har bachelorgrad i musikk og helse. Musikk og kunst har vore ein viktig del av hennar liv og ho er spesielt glad i å bruke stemma si og piano som verktøy for å formidle musikk. På fritida lagar ho mellom anna abstrakt, impresjonistisk, minimalistisk og grafisk kunst. I tillegg driv ho med musikkproduksjon og låtskriving.
I arbeid med barn og unge er ho oppteken av å skape eit trygt og kreativt miljø. Ho kombinerar musikk med drama, kunst, beveging og forteljing. I arbeid med utviklingshemma er det viktig for ho at deltakarane får utforske, uttrykke seg, oppleve fellesskap og meistring saman. Musikken skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av forutsetningar og erfaring.
Christine skal undervise i KuDaMuDra, Godt og Blanda storband og ho vil ha hovudansvar for den kunstneriske delen i eit spanande LEGO-prosjekt i SFO der Kulturskulen samarbeidar med Sogn Opplæringskontor.