
Laila Asperheim er musikkterapeut, og har drive med musikk sidan barneskuleåra. Ho var sjølv elev på el-orgel i musikkskulen i Årdal, spelte kornett i Tangen Skulemusikk, og laga eigne låtar på gitar og piano/keyboard. Etter eit år på musikklinja på Voss Folkehøgskule i 1996/97, fann ho ut at den allsidige musikkbakgrunnen passa godt for eit yrkesliv som musikkterapeut.
Med utdanning (cand.mag.) i musikkvitskap, psykologi og pedagogikk (UiB/NTNU, 1999), 2-årig vidareutdanning og seinare mastergrad i musikkterapi frå Universitetet i Bergen (2002/2009), er det musikkterapi knytt til psykisk helse som har vore interessefeltet i snart 30 år. Laila syng, spelar piano, gitar, bass og trompet, og har hatt låtskriving og musikkproduksjon som hobby i lang tid.
Laila si stilling i kulturskulen er delt mellom musikkterapi og kulturskuleundervisning. Gjennom åra i Lærdal Kulturskule (2002-2010) og Årdal Kulturskule (2010-) har ho vore innom mange arbeidsfelt og undervisningsområde:
Musikkterapi i grunnskule, barnehage, vidaregåande skule, eldreomsorg, psykisk helseteneste og rusomsorg, og musikkterapi som individuelle timar og gruppetilbod i kulturskulen - med born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar.
Undervisning i song, piano, gitar, bass, bandsamspel, messing/skulekorps, musikkbarnehage, KuDaMuDra og babysong.