Mogleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å undersøkje om det er lokal aksept i Årdal kommune for utviding av Jotunheimen nasjonalpark og omgjering av verneform for delar av Utladalen landskapsvernområde. For å sikre god lokal forankring i saka har det vært halde fleire møte.

Det første spørsmålet som skal vurderast, er om Statsforvaltaren i Vestland kan gjennomføre ei konsekvensutgreiing av dei områda som er foreslått for utviding. Dersom kommunen seier ja til dette, vil Statsforvaltaren i Vestland gå vidare med utgreiingsarbeidet. Dette arbeidet vil inkludere innsamling av kunnskap, rapportar om naturmangfald, villrein, ulike brukarinteresser og kulturminne; ei brei rekke tema. Dette vil skje i samarbeid med arbeidsgrupper eller referansegrupper som består av representantar frå berørte partar. Denne utgreiinga vil danne grunnlaget for utarbeiding av eit konkret forslag til vern som kommunen igjen kan seie ja eller nei til på eit seinare tidspunkt.

Kommunen har høve til å stille krav og setje vilkår, både for konsekvensutgreiinga og det eventuelle forslaget til vern som vil kome. Det er derfor viktig å få inn mest mogleg synspunkt og innspel frå alle relevante partar før administrasjonen skal skriva sak til politisk behandling. Me er framleis i ein svært tidleg fase av prosessen (informasjonsfase), og om det blir ein positiv avgjerd om konsekvensutgreiing vil det ta fleire år før vi når fram til ein endeleg vernavgjerd.

Me vil fortløpande leggje ut informasjon om saka på denne sida.

Har du spørsmål?

Martin Ramsland Stensaker
Kommuneplanleggjar
E-post
Mobil 92 26 73 95