Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Vi ser det som viktig å gje god informasjon om kommunen sitt arbeid. Slik kan vi skape engasjement hjå innbyggjarar, verksemder, politikarar, journalistar og andre interesserte.
Sist endra 05.06.2024 10:45
Årdal kommune publiserer møtedokument og postjournal med fulltekstdokument. Det betyr at du i dei fleste tilfeller ikkje treng å søkja innsyn, men at dokumenta ligg lett tilgjengeleg.
Alle som sender dokument og meldingar til Årdal kommune vert oppmoda om å skrive sakleg og informativt då dokumenta vert tilgjengeleg på postlista. Offentlege dokument vert publisert innan tre virkedagar etter mottak/utsending. Etter eitt år blir avsendar/mottakar fjerna.
I knappane under finn du lenkjer til kommunen si innsynsløysing:
Postliste Politiske møter frå 2020 Politiske møter 2015-2019 Parti Politiske utval
Meir informasjon om innsyn finn du her:
Årdal kommune publiserer møtedokument og postjournal som fulltekstdokument. Det betyr at du i dei fleste tilfeller ikkje treng å søkje innsyn, men at dokumenta ligg lett tilgjengeleg.
Dersom du ynskjer innsyn i dokument som er unnateke offentlegheit må du bestille via “Bestill dokument” knappen i postjournalen.
Sakshandsamar vurderer innsynskravet jamfør gjeldande lover og reglar.
Alle dokument som går inn og ut av kommunen er offentlege, samt interne notat med oppfølging, med mindre det er unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument er unnteke offentlegheit, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør gjerast tilgjengeleg heilt eller delvis.
Dokument i offentleg sektor kan vera:
- brev
- sms
- e-post
- politiske møtedokument
- søkjaroversyn til stillingar
- videoar
- lydopptak
- andre multimediaopptak
Postlista er ein oversikt over dokument til og frå kommunen som er registrert i kommunen sitt sakarkiv system.
Nokon dokument:
- er tilgjengeleg som fulltekstdokument
- vil vere tilgjengeleg i avgrensa versjon (sladda offentleg variant)
- vil vere unnateke offentlegheit og du kan bestille innsyn i dei (innsynskravet vert da vurdert etter lov)
Alle som sender dokument og meldingar til Årdal kommune vert oppmoda til å skriva sakleg og informativt då dokumenta vert tilgjengeleg på postlista.
Offentlege dokument vert publisert innan tre virkedagar etter mottak/utsending. Etter eitt år blir avsendar/mottakar fjerna.
Einskilde typar opplysningar vert ikkje publisert på kommunen si postliste.
Det er opplysningar som er skap i ulike fagsystem som pr. i dag ikkje kan teknisk integrarast med vår postliste, eller som av omsyn til personvern eller rettsreglar ikkje kan publiserast.
Dette vil nesten utelukkande vera opplysningar knytta til enkeltpersonar. Døme: elevmapper frå grunnskule, barnemapper fra barnehage og pasientjournalar.
På postlista til Årdal kommune finn du journalopplysningar fra 01.01.2020.
Frå 01.01.24 startar Årdal kommune med fulltekstdokument på postlista vår. Desse blir tilgjengeleg på heimesida vår fra 05.januar (3 dagar etter).
Fullltekstdokument før 1. januar 2024 må du søkje om innsyn i ("Bruk knappen “Bestill innsyn”).
Møtedokument er tilgjengeleg i fulltekst heilt tilbake til 01.01.2015.
Partsinnsyn
Forvaltningslova gjev partane i ei sak rett til å gjere seg kjende med dokument i saka.
Som part i ei sak kan du bli gjeve tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt. Typiske opplysningar du kan søkje innsyn i via forvaltningslova er :
- dokumentasjon fra skule og barnehage
- utvida søkjarliste fra stillingar du har søkt på
- opplysningar unnateke offentlegheit til dømes i byggesak
- dokumentasjon knytt til kommunale avgifter, gebyr og liknande.
Innsyn i pasientjournal