Fakturadistribusjon

Årdal kommune prøvar å sende alle fakturaer og purringar digitalt, gjennom Avtalegiro, som eFaktura, via digital postkasse eller som vedlegg i ein e-post. Dersom dette ikkje er mogleg vert faktura levert som papirfaktura i postkassa di.

Avtalegiro eller eFaktura

Dette må du opprette i din bank. Har du problem med desse avtalane må du kontakte din bank for å få hjelp.

Digital postkasse (Digipost)

Om du ikkje har oppretta avtalegiroavtale eller eFaktura vil fakturaen bli sendt til din digitale postkasse dersom du har dette. 

Kommune kan ikkje sende deg vedtaksbrev eller sensitiv informasjon på e-post då dette ikkje er sikkert nok. Ein digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ynskjer.

Faktura til epost

Årdal kommune anbefalar ikkje denne løysinga, men me kan ikkje nekte. Så skulle du trenge å få faktura på epost kontakt oss via Tenestetorget 57 66 50 00 eller via epost til postmottak@ardal.kommune.no

Papirfaktura

Har du ingen av løysingane over vil du motta papirfaktura. 

Brevgiro

Betalar du via brevgiro, må du benytta ein tom bankgiroblankett. Du må fylle ut dei nødvendige opplysningane du finn på den tilsende fakturaen og så nytta denne fakturaen til betaling via brevgiro. Tomme bankgiroblankettar kan du få i din lokale bank.

Det er verdt å merka seg at fakturaene ikkje kan benyttas for betaling via brevgiro.

Oversikt over kommunale fakturaer på Mi side

Loggar du på “Mi side” her på heimesida vår får du blant anna oversikt over dine kommunale fakturaer.

Det er verdt å merke seg at der kan du søkja om utsetjing av betalingsfrist.

Har du spørsmål?

Wenche Irene Sjåstad
Konsulent økonomi
E-post
Telefon 90 29 78 82
Mobil 90 29 78 82