Fakta om Årdal kommuneLytt til tekstenStopp avspillingÅrdal er nasjonalparkkommunen som ligg inst i verdas nest lengste fjord, Sognefjorden, og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen høyrer til Vestland fylke og grensar i nord og vest til Luster, i aust til Vang og i sør til Lærdal.Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal - lokalt vert desse stadane omtala som Tangen og Øvre. Tettstadene er omkransa av dalane; Naddvik (Vikadalen), Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen. Årdal har gjennom historien utvikla seg frå å vere eit jordbrukssamfunn og vidare til eit tradisjonelt industrisamfunn, til no å vere i forkant av industriell teknologisk utvikling både nasjonalt og internasjonalt. Kommunen har ein stor auke i turisme og det vert arbeidd aktivt med å legge til rette for dei som tek turen til Årdal.I Årdal vil du oppleve både storindustri, topp moderne samfunn, velstelte gardsbruk, naust ved fjorden, skogsdrift, jakt og fiske i elv og innsjø. Jotunheimen er næraste nabo, Vettisfossen er Noregs og Nord-Europas høgste uregulerte frie fossefall med 275 meter. Tindevegen, fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø (32 km) tek deg frå Sognefjorden til Jotunheimen.Med vår dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fossefall ligg tilhøva godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter. Kommunen har godt utbygde idrettsanlegg for trening, turnering og konkurranse. Nettsida Visit Årdal vil gje deg god informasjon og tips til aktivitetar i Årdal.Årdal er eit trygt lokalsamfunn, trafikksikker kommune og medlem i Safe Community. Kjekt å vite om ÅrdalKjekt å vite om ÅrdalKommunenummer4643AdministrasjonssenterÅrdalstangenInnbyggarnamnårdølOrdførarChristian Sønstlien, APFolketal5 239 (1. januar 2024)KartkommunekartGrunnskular 1. - 10. trinnFarnes skule og Tangen skuleBarnehagar 0-5 årTo på Årdalstangen og fire i Øvre ÅrdalVidaregåande skuleÅrdal vidaregåandeHøgskuleHøgskulen på VestlandetTilflyttarkontorDitt ÅrdalTuristinformasjonVisit ÅrdalKlimamildt og lite nedbør Sal av bygdebøker og boka Årdal sett ovanfråSal av bygdebøker og boka Årdal sett ovanfråBygdebøkerPrisBand I200,-Band II200,-Band III300,-Band I og III450,-Band II og III450,-Band I og II og III500,-Skinnband400,-Andre bøkerÅrdal sett ovanfrå298,- Sist endra 23.05.2024 14:35