Om kulturskulen

Kvar finn du oss?

Undervisninga føregår på begge skulane i kommunen, Farnes skule og Tangen skule.
Danseverkstaden har treningar i Årdal Kulturhus og i gymsalen på Tangen skule.
ASVO-bandet øver på Sogn Vekst, tidlegare ASVO.

Tilbod:

Vi har tilbod innan faga musikk og kunst. I tillegg administrerer vi også Årdal Danseverkstad, eit tilbod innafor dansenettverket og kompetansesenteret "Dans Uten Grenser."

Vi har og eit musikkterapitilbod til psykisk utviklingshemma, til elevar med særskilte behov og til institusjonar. 
Musikk- og Kulturskulen samarbeider med korpsa om rekruttering, opplæring, instruksjon og direksjon.
Tilboda i musikk- og kulturskulen er primært retta mot born og unge i Årdal kommune, men om det er plass, kan vaksne få tilbod.

Du finn oss på facebook

Har du spørsmål?

Sigyn Øren
Rektor musikkskulen
E-post
Telefon 90 25 19 37