Musikkterapi ligg i kryssingspunktet mellom kultur og helse, og passar for menneske i alle aldersgrupper og på ulike funksjonsnivå. Som musikkterapeut jobbar ein med å skape ei oppleving av meining og meistring i livet til dei som elles ofte fell utanfor ordinære kulturskuletilbod og lokalt kulturliv.
Musikkterapi kan vere improvisasjon og samspel, lytting og samtale om musikk, låtskriving og produksjon, tilrettelagt song- eller instrumentopplæring, gruppesamspel, rørsle til musikk, avspenning og andre måtar å vere saman i musikken på. Målsetjingar og arbeidsmåte for timane blir tilpassa den enkelte elev sine ynskje og behov.
Meir om musikkterapi her:
https://www.musikkterapi.no/
Fagplan Musikkterapi
Musikkterapeut: Laila Asperheim
