Dans

Årdal danseverkstad gir eit dansetilbod til alle danseglade born og unge mellom 6-16 år! Danseverkstaden er tilknytta dansenettverket og kompetansesenteret "Dans Uten Grenser". Dansegruppene får danse i ulike stilartar som Hip Hop, Street og Jazz og instruktørane er ungdommar mellom 15-18 år som er kursa av det profesjonelle "Dans Uten Grenser"- nettverket i fylket. Les meir om Dans uten grenser her: https://dansutengrenser.com/

Gruppene vert organisert etter alder, og undervisninga føregår i kulturhuset i Øvre Årdal, og i gymsalen på Tangen skule.

Danseverkstaden vert administrert av kulturskulen. Sidan det ikkje er eit profesjonelt tilbod, er kontingenten lavare enn dei andre kulturskuletilboda: kr 700 pr halvår.

Lærarar