Innmelding og utmelding av kulturskulen

Innmeldingsfrist til hovudopptaka kvart semester er 15. november og 15. juni, men det er lov å søke heile året.
Du vil få melding ved semesterstart om du har fått plass på det tilbodet du har søkt på. Dersom du ikkje har fått plass, vil du få melding om at du er sett på venteliste. 

Innmelding

Logg på her for å melde eleven inn

1. Vel kurstilbod
2. Vel fag
3. Trykk på «søk om plass»
4. Fyll inn alle felt

Utmelding

Dersom du ikkje ynskjer å halde fram med undervisninga utover 1 år, gjeld desse tidsfristane: 
15. nov. for haustesemester, om du skal slutte etter jul
15. mai for vårsemesteret, om du skal slutte til sommarferien

Du kan ikkje slutte halvvegs i eit semester.

Om du ikkje held fristane for utmelding eller om du sluttar midt i eit semester, må du likevel betale full kontingent for heile semesteret.

Slik seier du opp ein plass:

Logg på her for å melde eleven ut

1. Dersom du er føresett og har fleire born i kulturskulen må du velje den eleven som skal melde seg ut
2. Finn fana «Elevverktøy»
3. Klikk på «Utmelding»
4. Kryss av for faget eleven skal meldast ut frå