Viktig informasjon om overgang til nytt journalsystem på Årdal legekontor

Legekontoret skal gå over til nytt journalsystem i veke 7 ( 10. – 13. februar). Det vil difor bli avgrensa med planlagde konsultasjonar denne veka. Tysdag 10., onsdag 11., og torsdag 12. februar vil alle telefonar til legekontoret automatisk bli vidarekopla til lokal legevaktsentral på telefonnummer 116117.

Pasientar som ynskjer å fornya reseptar vert oppmoda til å gjere dette i Helsenorge (nettportal eller app), eller kontakta legekontoret i god tid før veke 7.

NB Ingen reseptbestilling i veke 7.

Timar som hastar (øyeblikkeleg hjelp) ringe 116117.

E-portalteneseter Helsenorge vil vera utilgjengeleg frå 6. februar til 13. februar.

Me ber på førehand om orsaking for eventuelle ulemper dette kan føra til og takkar for forståinga medan me oppgraderer systema våre til det beste for dykk.