Verdas overdosedag - med fokus på overdoseforebygging i kommunen

Årdal kommune markerte verdas overdosedag med stand på torget 31. august. Verdsmannen Thorbjørnsen stod for musikalsk innslag og det vart servert smaksprøvar på rettar frå helsedirektoratet sine oppskrifter som er ein del av kampanjen: «Javisst kan du bli rusfri, men først må du overleve.»
 

Verdas overdosedag vert markert 31. august i mange land i verda. Dagen vert markert for å setje fokus på utfordringar med overdosar, samt vise respekt for dei som har døydd av overdose og deira pårørande. Markeringa er også for å formidle kunnskap knytt til forebygging og auka medvit rundt samfunnsutfordringa med overdoserdødsfall.

Kommunen skal drive overdoseforebyggande arbeid. Markeringa 31. august var ein del av dette arbeidet. Ein anna viktig del av dette arbeidet er auka kunnskap hjå dei tilsette i kommunen. I år vart det arrangert fleire fagøkter med tilsette frå ulike tenesteområder i kommunen.

Tema har vore:

  1. Kosthald og ernæring
  2. Bruk av vanedannande medikament
  3. Korleis leve med kroniske smerter.

Undervisninga gjekk føre seg på Teams. Innleiarane var:

  • Svetlana Skurtveit: seniorforskar og professor frå FHI og UIO
  • Tone G. Høivik:anestesilege ved Haukeland Universitetssjukehus
  • Camilla Leukeland: klinisk ernæringsfysiolog i Helse Førde.

Tilsette frå heimesjukepleien, legetenesta, psykisk helseteneste, rustenesta, tildelingskontoret og helsestasjonen deltok. Målsetting med fagøktene var å auke kompetansen på førebygging av overdosedødsfall. Tilbakemeldingane frå dei tilsette var gode. Med auka kompetanse og i tett samhandling mellom tilsette og målgruppa, kan vi saman jobbe for å hindre overdosedødsfall.

Kursing av tilsette i Årdal kommune under Verdas overdosedag 2023 - Klikk for stort bilete Kjersti Nundal

Frå arbeidsgruppa:
Silje Berge, Årdal rustenesta (NAV)
Kristiane Laberg Seim, Leiar Psykisk helseteneste
Kjersti Nundal, Tildelingskontoret i Årdal kommune

Fakta frå FHI (folkehelseinstituttet)

Tabell over antall overdosedødsfall i Noreg 2002 til 2022, Folkehelseinstituttet - Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet, FHI

Det er fleire faktorar som fører til overdosedød

I følge Folkehelseinstituttet er det ikkje ein einskild faktor som fører til overdosedødsfall. Tidlegare studier har vist at det det ikkje er ei einskild gruppe dette rammar, men at det er fleire årsakar til slike dødsfall. Overdosedødsfall er i hovudsak forgiftningsulukker. Trender vil da vere knytt til om det er endring i kor mange som inntek stoff på ein risikofylt måte (det er knytt høgast risiko til injisering), tilgang på stoff og uventa høgare grad av renheit av stoffet. «Periodevis redusert almenntilstand, samt sykdommer og svekkelser som ofte kan være knyttet til aldring, har også betydning. I tillegg er løslatelse fra fengsel og utskrivelse fra rusbehandling kjente faktorer som øker risikoen for en overdose»

Les meir utviklingen av overdosedødsfall i Noreg mellom 2002 og 2022 på Folkehelseinstituttet sine sider.