Velkommen til inspirasjonssamling for bønder - 4. mars
Stad: Sogn Jord- og hagebruksskule, Aurland
Tid: 4. mars kl 17.00-20.00
Sist endra 23.02.2026 14:35
Ynskjer du å kjøpe ein gard? Skal du ta over ein gard? Har du lyst å byrje med noko nytt på garden din? Då kan denne samlinga vere interessant og til inspirasjon for deg.
Tema på inspirasjonssamlinga vert:
- Børre Solberg - Korleis bli ein god matprodusent
- Magnhild Aspevik - Formelle krav ved eigarskifte
- Aud Slettehaug - Vidareforedling av råvarer
- Pause med mat og prat
- Nils Einar Kjøsnes - Tine si satsing på geitehald
- Sigurd Vikesland - Kvardagen som geitebonde
- Sigurd Vikesland - Faglaga som støttespelar til bonden
- Aud Slettehaug - Tilskotsordningar
- Kva kan kommunen bidra med? Landbruk, næring, Bondens ABC
Velkommen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær!
Kjøkkenet på jordbruksskulen serverar god mat! Fint om du kan gje beskjed om eventuelle allergiar.
Påmelding innan torsdag 26. februar til beate.stolen@laerdal.kommune.no