Uvær i vente - sterke vindkast

MET har sendt ut varsel om sterk vind på oransje nivå for store deler av fylket. Uværet “Amy” er venta inn med sterk vind frå sørvest. 

Årdal ligg på orange nivå for sterk vind. Varselet gjeld frå fredag 3. oktober kl. 18.00 til laurdag 4. oktober kl. 17.00.

Oppdaterte varsel finn du på varsom.no

Sikre lause gjenstander: 

Lause gjenstander kan bli teken av vinden, og utgjere fare for liv og verdiar. Gjeld spesielt trampoliner. Desse må sikrast godt eller ryddast vekk. 

Vurder tiltak for å avgrense skade før hendinga skjer. Unngå ferdsel på utsette stader. 

Hindringar i trafikken: 

Vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbana. Mange reiser vil kunne få lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengt. 

Legg inn ekstra tid til transport og køyring, og vurder om reise er naudsynt. Følg råd og sjekk status fra transportaktørar. 

Fare for straumbrot: 

Fare for skade på infrastruktur. Straumforsyningen vil bli påvirka, for eksempel som følge av tre som knekker eller kjem i kontakt med straumnettet.

Sjekk vegmeldinger på vegvesen.no/trafikk.

Uværet "Amy" kjem med sterk vind skjermdump varsom.no