Utvalsmøter torsdag 29. januar

Utval for Samfunn og utval for Levekår startar opp igjen møteaktiviteten og det er møte i begge utvala torsdag 29. januar.

Møtet i Utval for Samfunn kan du følgje direkte på KommuneTV frå kl. 08.00. Møtet i utval Levekår vert ikkje strøyma.

Utval for Samfunn har møte i kommunestyresalen kl. 08.00, og store deler av møtet vert ei orientering om framdrifta i arbeidet med kommunen sin arealplan.

 

Utval for Levekår skal ha møte i Årdalshallen på møterommet. Dei startar med omvisning i Ve barnehage kl. 12.00 og har møtestart i Årdalshallen ca. 12.45.