Ungdommens Kulturstipend 2025

Prisvinnaren representerer eit inkluderande og lågterskel kulturtilbod som sidan 2016 har gjeve barn og unge ein trygg arena for kreativ utfalding, meistring og sosial tilhøyring – utan krav til ferdigheiter, kostbart utstyr eller sosial status. Med modellen frå Dans Utan Grenser får ungdom høve til å påverke eigen aktivitet og byggje eigarskap til både uttrykket og miljøet rundt seg. Kjernen i arbeidet er ung-til-ung-metodikken: kvalifiserte ungdomar underviser yngre barn og ungdom i lokalsamfunnet. Prisvinnaren har om lag 20 ungdomsinstruktørar i alderen 13–18 år som, heilt frivillig, underviser rundt 100 barn og unge kvar veke. Instruktørane lagar eigne koreografiar, vel musikk og tema, og set opp halvårlege danseshow i det lokale kulturhuset som jamleg fyller salen og engasjerer publikum. Modellen skaper sterke ringverknader: dei unge utviklar leiarskap, ansvar og samarbeid, samstundes som dei fungerer som positive førebilete.
Tilbodet er blitt ein viktig sosial møteplass – særleg for dei som ikkje finn seg heilt til rette i konkurranseprega idrett eller andre aktivitetar. Med låg kontingent og utan krav til spesifikt treningsutstyr er det reelt lågterskel. Aktiviteten styrkjer folkehelsa, byggjer sjølvkjensle og skaper tilhøyring; det er eit tydeleg døme på korleis kulturarbeid kan førebygge utanforskap og løfte lokalmiljøet.
Alle midlar går direkte til ungdomane som står bak aktivitetane hos prisvinnaren. Stipendet vil prisvinnaren nytte til vidare fagleg utvikling – Workshop og kurs med profesjonelle instruktørar og koreografar, nasjonalt og internasjonalt. Dette vil styrkje kompetansen, auke kvaliteten og sikre berekraftig drift over tid.
Prisvinnaren oppfyller intensjonen bak Ungdommens kulturstipend i Årdal ved å stimulere til talentutvikling, meistring, ansvar og kulturengasjement hjå barn og unge. På eige initiativ er det bygd opp eit inkluderande og livskraftig kulturtilbod som skaper varige verdiar for heile lokalsamfunnet.
Ungdommens Kulturstipend 2025 - Årdal Danseverkstad.
Prisen er kr. 15000,- og eit trykk av Reidun Vinda.
Årdal Kommune sin Kulturpris 2025

Årdal kommune sin kulturpris vert tildelt til ein person for eit livslangt, vedvarande og imponerande engasjement for natur, friluftsliv og formidling til barn og unge i Årdal.
Sidan tidleg på 1980-talet har prismottakaren vore ein berebjelke i det frivillige miljøet innan jakt, fiske og friluft i Årdal. Gjennom over 40 år som mellom anna jegerprøveinstruktør har han utdanna generasjonar av nye jegerar og formidla viktige verdiar om naturforvaltning, respekt for dyra og berekraftig bruk av naturressursane.
Han er kjent som ei sterk stemme for dei som ikkje kan snakke – dyra og naturen, og har i fleire tiårvore ein pådrivar for forsvarleg forvaltning av viltbestandar, oppretthalde fiskeelvar og kultivering av vassdraga både i og utanfor kommunen. Arbeidet hans har hatt stor betydning for både naturmangfaldet og for kunnskapen til dei som veks opp her.
Prismottakaren har mellom anna hatt elevgrupper frå Farnes og Tangen skule, der han har teke undervisninga ut i naturen, elvar og vatn, og gitt borna praktisk og levande opplæring og kunnskap. Han har vore ein eldsjel for lokale fiskeplassar, som til dømes Torolmen, der han har vore sentral i arbeidet med å utvikle området og sikre økonomisk støtte frå næringsliv og gåvefond.
Gjennom sitt arbeid har prismottakaren også vore ein viktig initiativtakar til møteplassar i og rundt naturen, som rasteplassen på Loi, fleire tilgjengelege fiskeplassar langs elva, jakt- og fiskehytter i Årdalsfjella, og ein gjennomgåande fokus på kvalitet, trivsel og fellesskap i alt han har vore med på. Desse tiltaka har gjort friluftslivet meir tilgjengeleg og attraktivt for både lokalbefolkninga og tilreisande, og har bidrege til å styrkje den levande friluftskulturen i kommunen.
I tillegg er han primus motor i Stiftinga av Nundalen, eit langvarig dugnadsprosjekt som har teke vare på og rusta opp gamle, forlatne bygningar i Nundalen. Gjennom dette arbeidet har han bidrege til å bevare viktige delar av lokal kulturhistorie og gjort det mogleg for komande generasjonar å oppleve og nyte godt av vårt felles friluftsliv og kulturarv.
Prismottakaren har gjennom heile sitt vaksne liv vist eit unikt samfunnsengasjement, eit varmt hjarte for naturen og ein raus vilje til å dele kunnskapen sin med andre. Han har lagt ned utallige timar i dugnadsarbeid, og har vore eit førebilete for både unge og vaksne i bygda.
Årdal kommune sin kulturpris 2025 - Vidar Moen.
Prisen er kr. 5000,- og eit trykk av Reidun Vinda.
Årets Årdøl 2025

Årets Årdøl har gjennom eit langt liv engasjert seg sterkt i mykje av det som skjer i bygda. På mange måtar kan vi omtale det som ekte lokalkjærleik. Dette er ei ekte eldsjel som har sett spor etter seg på fleire ting gjennom «herrens» mange år. Gjennom arbeidet sitt har han vist fram naturen, kulturen og gjestfridomen som gjer kommunen vår unik. Med si opne og serviceinnstilte haldning møter han både innbyggjarar og tilreisande med same varme og vilje til å gjere opplevinga best mogleg.
Ei sanning er vel at prisvinnaren ikkje er glad i for mykje merksemd. Unntaket må vere då han kjøpte ein Sognafæring (som er ein båt) nord for Bergen og i ein alder av 73 år, segla og rodde denne heile vegen heim til Årdalstangen. Ein tur på over 20 mil og som varte i 10 dagar. I etterkant uttalte prisvinnaren «Det var eigentleg bra at turen ikkje var så godt planlagd. Ikkje visste eg kvar eg skulle kvar dag og kvar eg skulle sova. Så det gjorde turen ekstra spennande».
Stort sett likar prisvinnaren seg i bakgrunnen av det som skjer. Dette er ein mann som likar å jobbe i kulissane utan å stikke seg fram. Særleg idretten har hatt glede av hans støtte. Han har sponsa lokale arrangement og spandert hotellfrukost til både Årdal Fotball og Seniorlaga i handball.
Gjennom livsverket sitt har prisvinnaren hatt eit særleg fokus på turisme og reiseliv. Årets Årdøl er i særdelesheit oppteken av å ta vare på historia om fjellklatrarane. Då spesielt historia om tindesportens far i Noreg; Cecil Slingsby. Prisvinnaren har her organisert fleire arrangement for å ta vare på og gjenfortelle historia om den kjente tindebestigaren som mang ein gong overnatta i Årdal. Prisvinnaren er også vertskap for Vetti gard, ei nasjonalparkperle og eit av dei viktigaste turistmåla i Årdal kommune.
Årets Årdøl bruker mykje av si eiga fritid for å halde hjula i gang – ikkje berre for hotellet og turistverksemda, men for heile bygda. Som både eldsjel og sjef er han omtalt som ein særdeles raus og omtenksam person som alltid stiller opp for lokalmiljøet.
Gjennom stadig utvikling av verksemda og livsverket sitt har prisvinnaren medverka til å sette Årdal på kartet som reiselivsdestinasjon. Og ikkje minst har verksemda og livsverket blitt ein naturlig møteplass for innbyggjarane i Årdal.
Prisvinnaren har drive i same bransje sidan 1985. Sjølv etter meir enn fire tiår og i ein alder av 77 år er blikket fortsatt retta framover. Stadig på leit etter korleis ein kan medverke til å utvikle Årdal som kommune og reiselivsdestinasjon.
Årets Årdøl - Erling Eggum
Prisen er kr. 5000,- og eit trykk av Reidun Vinda.