"Turen stopper her" - bidrag frå deg

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne fekk nyleg informasjon om ein nasjonal kampanje frå FFO Vestland.

Denne nasjonale kampanjen heiter “Turen stopper her”. Så Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne oppfordar alle 

  • som brukar rullestol, krykker eller rullator
  • som har synsutfordringar
  • som høyre dårleg eller ikkje i det heile teke
  • som ikkje går like støtt lenger
  • som trillar barnevogner eller bære på små born
  • som lever med kognitive utfordringar eller usynlege diagnose
  • som er midlertidig skada eller i opptrening
  • som er pårørande av personar som har behov for tilpassning
  • som møtar ei hinding og måtte snu


Registrer barrierane dine på kampanjen si heimeside.

Les meir om kampanjen på nettstaden i tillegg.

Bilete til nasjonal kampanje "Turen stopper her" som skal samle informasjon om hvor turen stopper for personar med funksjonsnedsettelser - Klikk for stort bilete

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Årdal lovar å følgje med på innmelde barrierar i Årdal kommune og ta dette vidare for å få tilgjengelegheit opp der det er mogleg og forsvarleg.

Samarbeidspartnarar: FFO (Funksjonshemmedes fellesorganisasjon), UngFunk (Unge funksjonshemmede), DNT (Den Norske Turistforening), NHF (Norges Handikapforbund), LARS (Landsforeningen for ryggmargsskadde), BIAA (Kompetansenettverket for bærekraftig idrett og aktivitet), Norsk Friluftsliv og Gjensidigestiftelsen.