Hausten 2025 skal det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustader i landet sine kommunar. Dette er del av ein nasjonal tilsynskampanje i regi av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA), men det er kommunane som gjennomfører tilsyna lokalt.
Utleigarar må måle radon
Alle som leiger ut bustad skal kunne dokumentere at radonnivåa i utleigebustaden er under grensa for radon. Dersom nivåa er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjere tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernforskrifta og gjeld alle typar utleigebustader, både offentlege og private.
Meir informasjon om regelverket finst her: https://dsa.no/radon/radon-i-utleieboliger
Korleis skal tilsynet gjennomførast?
Kommunen sender ut brev til utvalde utleigarar. Utleigar får spørsmål om det er målt radon, om målinga følgjer DSAs måleprosedyre, og om det er gjennomført tiltak ved for høge verdiar. I tillegg vert det stilt spørsmål om leigetakar er informert om radonnivåa i bustaden.
Har du enno ikkje målt i din utleigebustad?
Då kan du begynne å planleggje ein radonmåling til hausten. Radon skal målast i ein periode på minimum to månader i løpet av målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Leigetakar har krav på å få dokumentasjon på radonnivåa.
Du kan lese meir om korleis ein radonmåling skal gjerast på DSAs nettsider https://dsa.no/radon/slik-maler-du-radon
Kvifor er det viktig å måle radon?
Å puste i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Risikoauken avgjerast av kor lang tid ein vert utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er den vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking og medverkar årleg til rundt 400 lungekrefttilfelle i Noreg.
Kor er grensa for radon?
Jo lågare radonnivåa er, jo lågare er lungekreft-risikoen. Difor bør radonnivåa alltid vere så låge som mogleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette tyder på at dersom du måler radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, til dømes 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjere tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.
Meir informasjon om radon finst her: https://dsa.no/radon
