Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge,” er no lyst ut for 2026. De finn informasjon på Bufdir sine nettsider.
Mål og målgruppe
Målet med tilskotet er å leggja til rette for at alle born og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanning. Målgruppa er born og unge i alderen fra 0 til og med 24 år, som av ulike årsaker står i fare for å koma i utanforskap.
Kven kan søke:
· Offentlege instansar
· Frivillige organisasjoner
· Private aktørar
Frist for å søkje:
31. oktober 2025
Slik søkjer du:
1) Sett deg inn i forskrifta og informasjonen på nettsida til ordningen. Forskrifta om tilskudd til inkludering av barn og unge, kapitel 2.
2) Send inn søknad i Bufdir sin søknadsportalen for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar kan bruke søknadsskjema. Søknaden skal knyttast til ein deltakande kommune (sjå nettsida til ordninga for eventuelle unntak frå denne regelen)
De kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida til ordningen for meir informasjon)
Etter at du har sendt søknaden :
Slik vert søknadene handsama:
Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv, skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene hjå politisk eller administrativt nivå med avgjerdsmynde. Etter at kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege sakshandsaminga av søknadene.
Det vil vere informasjon på Bufdir si nettside om forventa sakshandsamingstid.
Kontaktperson i kommunen:
Stine Moen Bakken
stine.moen.bakken@ardal.kommune.no
473 28 147
Silje Berge
silje.berge@ardal.kommune.no
412 86 664