Sorggruppe

Har du mista ein av dine næraste?
Ynskjer du å snakke med andre i same situasjon?
Då kan kanskje sorggruppe vere noko for deg.

Det vert starta opp igjen med sorggruppe for innbyggjarar i Lærdal, Aurland og Årdal.

Alle samlingane vert haldne i Lærdal, i Kyrkjestova ved Hauge kyrkje.

Fyrste samling vert 4. november kl. 18:00 til 20:00.

Det vert sett fram kaffimat og kaffi/te.

Føremålet er å tilby eit samtalefelleskap som bidreg til at kvar enkelt kan få støtte til å sjå framover.

Greitt å vite om sorggruppa:

Illustrasjon av hender som lagar hjartesymbol - Klikk for stort bilete
  • Mellom 4-8 deltakarar.
  • Alle i gruppa har tekeplikt.
  • Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca 8 samlingar.
  • Temabasert, men fleksibelt.
  • Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
  • Sorggruppetilbodet er gratis.

Sorggruppa vert leia av soknepresten Wenche Lie Lysne og kreftsjukepleiar Linda Mannes.

For å melde deg på ta kontakt på telefon:

Wenche Lie Lysne: 995 54 531

Linda Mannes: 976 99 266