Å arbeide som pedagog i barnehagane i Årdal kommune er givande på mange område, fortel styrarane Anne Gerd Jevnaker, Sverre Heggheim og Linda Gildseth, som no skal rekruttere nye pedagogar.
– Kjem du som ny pedagog til oss, blir du kopla til ein av dei erfarne mentorane våre. Me er opptekne av å trygge deg som ny i arbeidslivet, og pedagogane våre opplever det som godt å kome som nyutdanna til oss, fortel Anne Gerd.
I Årdal er det små barnehagar som gir oversiktlege arbeidsdagar, samstundes som avstanden mellom tilsette og leiing er kort.

- Arbeidsmiljøet vårt er trygt og godt, noko medarbeidarundersøkingane våre stadfestar, seier Anne Gerd.
- I personalgruppa vår er du velkomen til å spele på eigne kvalitetar og interesser. Du får gode moglegheiter til å prege kvardagen til borna innanfor kreative, kulturelle og idrettslege område, fortel Linda.
- Me er eit lite lokalsamfunn gir oss eit større handlingsrom til å vere med og forme borna. Me har tett samarbeid mellom barnehagar og skular, og me nyttar samhandlingsmodellen BTI – som sikrar tverrfagleg samarbeid i kommunen, utdjupar Sverre.
Barnehagane i nasjonalparkkommunen Årdal brukar mykje tid ute i flotte naturområde i nærmiljøet, og samarbeider med lokale organisasjonar og aktørar.
– Me har to skianlegg og eit nasjonalparksenter som gir moglegheiter for fleire spennande samarbeid framover. Når me gir slike opplevingar til borna og ser gleda deira ved å vere ute i naturen, er dette verdas beste jobb, seier Sverre.
Styrarane trekkjer også fram samarbeidet med Årdal bibliotek, Årdal Teknologipark, og Sogn Opplæringskontor (som lærer borna å programmere), som unike tilbod i oppvekstsektoren.
For kontinuerleg fagleg påfyll kan ein delta i fagnettverket i Sogn – System for styrka læring. Barnehagane samarbeider også på tvers med tett dialog, felles planleggingsdagar og deling av kompetanse.
– Her blir du godt teken imot, og me ønskjer at alle tilsette skal trivast og lukkast i arbeidslivet. Velkomen som søkjar til barnehagane i Årdal!
Her kan ein søkja og lesa meir om stillinga.