Slik kan du melde inn feil og manglar i nærmiljøet ditt
Her kan du melde inn feil og manglar til kommunen om vatn, avløp, renovasjon, veg, gatelys, park og forsøpling.
Sist endra 22.10.2025 12:55
«Mitt nabolag» er ei digital teneste der innbyggjarane kan melde frå til kommunen om feil, manglar eller behov for utbetring i nærmiljøet.
Tenesta er laga for å gjere det enkelt for folk å varsle, og for kommunen å handsame og følgje opp sakene effektivt.
Alle innbyggarar kan melde inn feil eller andre melding om vatn, avløp, renovasjon, vei, park, forsøpling og idrett.
Slik brukar du tenesta:
- Du går inn på kommunen si nettside og trykkar på knappen Mitt nabolag.
- Du vel kva type problem du vil melde – til dømes vatn og avløp, veg eller forsøpling.
- Du skriv ei kort skildring av feilen og kan leggje ved bilete eller posisjon frå kart.
- Meldinga blir sendt direkte til rett eining i kommunen, som registrerer saka og vurderer nødvendig oppfølging.
Alle meldingar og status om sakshandsaming vert lagt ut på heimesida, men eventuell informasjon om melderen vert ikkje synleg. Det er kun tilgjengeleg for den som handsamar meldinga. Det går også an å registrere informasjonen anonymt, men dette er helst å unngå i sakar der sakshandsamar kan ha behov for meir informasjon. For å melde inn sakar anonymt er det berre å la vere å legge inn namn og kontaktinformasjon.