Røykutvikling på Årdal sjukeheim

Søndag kveld i 18-tida rykka naudetatane ut til ein automatisk brannalarm på Årdal sjukeheim. Årsak var leidning som smelta og det vart røykutvikling.

Det var tre pasientar og fire tilsette som vart midlertidig evakuert til ein anna del av bygget til situasjonen vart avklart. Alle er no tilbake på avdelinga.

Evakueringsrutiner og alarmanlegg fungerte som det skulle.

Kommunen jobber med å informere dei pårørande til dei tre pasienten det gjeld.