Råd til deg med ungdom i Årdal kommune
Mai er her og med lysare kveldar og varmare vær er det naturleg at fleire ungdommar er ute og treff kvarandre. Dette er ei fin tid for fellesskap og gode opplevingar, men og ei tid der det er ekstra viktig med trygge rammer og gode samtalar heime. Snakk med ungdommen din, ver tydeleg på grenser, og samarbeid med andre foreldre. Saman kan me bidra til ein trygg og god vår for alle.
Ta vare på kvarandre og ver tilgjengelege når ungdommen treng det.
Sist endra 29.04.2026 12:35