Pressemelding - Alvorleg situasjon på vegnettet i Vestland

Sterk oppmoding til publikum om ikkje å ta seg ut på vegen i kveld.

Vi har fått slik melding fra “Beredskap Statsforvaltaren i Vestland”: 

På vegnettet har konsekvensane av uvêret forverra seg sterkt ut over ettermiddagen og kvelden. Eg har akkurat delteke på eit møte med Statens vegvesen og fylkeskommunane i Vestland og Rogaland. Det er veldig mange vegar som no er stengt på grunn av skred og flaum. Det vert og vurdert stenging av fleire strekningar. Vegvesenet har sendt ut ei pressemelding med ei sterk oppmoding til publikum om ikkje å ta seg ut på vegen i kveld.

Pressemeldinga kan lesast via denne lenka: Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre! | Statens vegvesen

Haavard Stensvand/fylkesberedskapssjef