Pårørandeskule våren 2025

Demensteamet ynskjer å gjennomføre en ny runde med pårørandeskule denne våren. 

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Demens utviklar seg over lang tid og fører ofte til store kjenslemessige og praktiske utfordringar for heile familien.

Innhald i kurset

  • Kva er demens? Symptom, utgreiing, forløp og behandling
  • Juridiske forhold ved demenssjukdomar
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Velferdsteknologi
  • Pårørande sine erfaringar
  • Tenester og tilbod for familiar som er råka av demens

Kursdatoar

Pårørandeskule våren 2025 - kursdatoar
Dag Tema Stad
Onsdag 23. april kl. 17:00 til20:00 Demens og kommunikasjon Kantina Rådhuset
Måndag 5. mai kl. 17:00 til 20:00 Lovverk og juss Kantina Rådhuset
Onsdag 21. mai kl. 17:00 til 20:00 Velferdsteknlogi Kantina Rådhuset
Måndag 2. juni kl. 17:00 til 20:00 Pårørandeerfaring og eigenomsorg Kantina Rådhuset
Torsdag 12. juni kl. 17:00 til 20:00 Avslutningsfest Kantina Rådhuset
  • Transport: me kan bistå med transport etter avtale
  • Tilsyn: og din nære treng tilsyn når du er med på pårørandeskulen, vil me prøva å bista med det.

Har du spørsmål?

Anita Kristin Sviggum
Mobil: 404 10 799
E-post: anita.kristin.sviggum@ardal.kommune.no

Illustrasjon av eldre som omfavnar, pårørande - Klikk for stort bilete

 

Demensteamet består av helsepersonell frå heimesjukepleien og ergoterapeut. 
Me samarbeida med lege og psykiatri/spesialhelsetenesta:

  • Laura B. Nordgulen (heimesjukepleien Øvre Årdal)
  • Cecilie M. Brun (heimesjukepleien Øvre Årdal)
  • Linda Lomheim (Heimesjukepleien Øvre Årdal)
  • Anja Bolstad (heimesjukepleien Årdalstangen)