Ny postliste

Frå 1. januar publiserer kommunen postliste med fulltekstdokument. Det betyr at du i dei fleste tilfeller ikkje treng å søkja innsyn, men at dokumenta ligg lett tilgjengeleg. Det er tre virkedagar forsinka utlegging, slik at fyrste dato med fulltekstdokument tilgjengeleg vert frå 5. januar.

Postlista er ein oversikt over dokument til og frå kommunen som er registrert i kommunen sitt sakarkiv system.  

Nokon dokument:

  • er tilgjengeleg som fulltekstdokument
  • vil vere tilgjengeleg i avgrensa versjon (sladda offentleg variant)
  • vil vere unnateke offentlegheit og du kan bestille innsyn i dei (innsynskravet vert da vurdert etter lov) 


Alle som sender dokument og meldingar til Årdal kommune vert oppmoda til å skrive sakleg og informativt då dokumenta frå no av vert tilgjengeleg på postlista i fulltekst.

Offentlege dokument vert publisert innan tre virkedagar etter mottak/utsending.  Etter eitt år blir avsendar/mottakar fjerna.

Fullltekstdokument før 1. januar 2024 må du søkje om innsyn i ("Bruk knappen “Bestill innsyn”).

Nye innsynsløysinga og meir informasjon finn de her.