Ny brannførebyggar i Årdal og Lærdal

Jorunn Grøndal starta som lærling i brannførebyggarfaget i september 2022.  Årdal kommune har hatt ansvar for opplæring i læretida. Feiarmeister Kåre Egil Skjerven har vore fagleg rettleiar. Jorunn gjekk opp til fagprøve i veke 7, og har bestått fagprøven. Dette er fyrste gongen Årdal kommune har hatt lærling i brannførebyggarfaget. 

 
Ein brannførebyggar skal risikovurdera fyringsanlegg og byggverk. Brannførebyggaren skal reingjere-/feie skorsteinar, røykrøyr, kanalar og eldstadar for å redusere skadelege miljøutslepp frå fyringsanlegg. Faget handlar og om utgreie for bruksmessige og organisatoriske forhold i bygget som kan påverka brannsikkerheit og tryggleik.

Årdal kommune vil gratulera Jorunn med bestått fagprøve. 

Eit bilete som inneheld klede, person, fottøy, veggKI-generert innhald kan vere feil.Gaute Johnsgaard Brannsjef, Kåre Egil Skjerven Feiarmeister og Jorunn Grøndal Brannførebyggar