Midlertidig utvida skjenketid i samband med fotball-VM

Kommunestyret i Årdal har i sak 020/26 vedteke ei mellombels ordning med utvida skjenke- og opningstid under fotball-VM for herrar 2026. Ordninga gjeld i perioden 11. juni til 19. juli 2026, og under føresetnad av endeleg vedtak i Stortinget.

Det er krav om at skjenkestaden viser direktesendte kampar frå fotball-VM 2026. Kampane må visast på ein slik måte at dei er gjort tilgjengeleg for majoriteten av staden sine gjester. Ordninga gjeld ikkje utvida skjenking utandørs.

Skjenkestader i Årdal kommune, med allment skjenkeløyve, må sende søknad om utvida skjenke og opningstid. Søknadsfrist er 5. juni 2026 og søknadane vert handsama fortløpande. Kommunedirektøren har fått mynde til å avgjere søknadene.

Det kan søkjast om:

  • utvida skjenketid for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 frå kl. 02.00 til kl. 03.30
  • tilsvarande utvida opningstid for skjenkestaden
     

I søknaden må skjenkestaden dokumentere:

  • lisens frå TV-selskapa for visning av kampane
  • tilstrekkeleg bemanning og vakthald i perioden med utvida skjenketid
  • om søknaden gjeld heile perioden for fotball-VM eller kun einskilde kampar

Bruk søknadsskjema “ endring av løyve”. Merk at all dokumentasjon må vere lagt med før søknaden vert handsama. Søknadsfrist 5. juni.

Offentlig visning av VM-sendinger krev lisens

Ver merksam på at rettighetshavarane krev at skjenkestaden har gyldig lisens for offentleg visning av sendingar frå fotball-VM.

Meir informasjon om visningslisens for fotball-VM: