Det har tidlegare vore gjennomført medverknadsmøte knytt til arbeidet med sti- og løypeplanen. Innspela frå desse møta er no innarbeidde i planarbeidet og dannar grunnlaget for vidare arbeid.
Årdal kommune inviterer innbyggarar, grunneigarar, lag, organisasjonar og andre interesserte til to opne medverknadskveldar i samband med arbeidet med kommunedelplan naturmangfaldsplan og temaplan for friluftslivets ferdselsårer (sti- og løypeplan).
Sist endra 06.03.2026 14:07
Planarbeidet skal bidra til ei heilskapleg forvaltning av natur, friluftsliv og arealbruk i kommunen, og lokal kunnskap er viktig for å sikre gode løysingar for både naturmangfald, bruk av utmark og framtidig utvikling.
Fyrste medverknadskveld
Denne kvelden vil kommunen presentere status i arbeidet og vise korleis tidlegare innspel er følgde opp. Målet er å byggje vidare på kunnskapen som allereie er samla inn, og få innspel til eventuelle justeringar, prioriteringar og lokale forhold som bør vurderast vidare i samanheng med naturmangfald og bruk av ferdselsårer.
📍 Stad: Årdal Rådhus, kantina
📅 Datoar: 24/03-2026
🕒 Tidspunkt: 18.00-20.00
Andre medverknadskveld
Innspel til naturmangfaldsplanen og forslag til handlingsdel. Kvelden startar med visning av filmen Vi som solgte landet, som set søkelys på forholdet mellom menneske og natur og gir eit utgangspunkt for refleksjon og samtale. Du må bestille billett til kinoen sjølv, kinoen er gratis - Bestilt kinobillett her.
Etter filmvisninga vil kommunen presentere arbeidet med naturmangfaldsplanen og invitere til dialog om prioriteringar og konkrete tiltak. Målet er å få innspel til korleis kommunen best kan ta vare på naturmangfaldet gjennom forvaltning, drift og arealplanlegging i åra framover.
📍 Stad: Årdal Rådhus, kantina
📅 Datoar: 26/03-2026
🕒 Tidspunkt: 17.00-20.00
Alle er velkomne.