Markering av jubilantar med 25 og 40 års tenestetid i Årdal kommune

Årdal kommune har nyleg arrangert ei høgtidleg markering for 18 medarbeidarar som har nådd imponerande milepælar med 25 og 40 års teneste. Heile 17 tilsette kunne feira 25års jubileum, medan èin tilsett feira heile 40 års tenestetid. 

Samlinga fann stad på Klingenberg hotell, der gjestene fekk servert ein god julelunsj. Årdal kulturskule opna markeringa med stemningsfulle og flotte melodiar framført av eit messingensemble.

Det vart ei hyggeleg stund prega av gode samtalar, latter og fellesskap. Som takk for den lange og trufaste innsatsen fekk kvar jubilant ei gåve og ei rose – eit symbol på både verdsetjing og respekt for det arbeidet dei har lagt ned gjennom mange år.

Kommunedirektør Mette Hestetun Berg og ordførar Christian Sønstlien heldt talar der dei uttrykte stor takksemd for den solide innsatsen som har vore med på å bygge kommunen. Dei framheva kor viktig det er med medarbeidarar som gjennom tiår har bidrege til utvikling, stabilitet og kvalitet i tenestene. Samstundes vart det uttrykt håp om at mange av jubilantane vil halde fram i fleire år til, til glede for både kollegaer og innbyggjarar.

Bilde av 25 årstenestet saman med kommunedirektøren og ordføraren - Klikk for stort bilete25års jubilantar: Svein Petter Øren, Merete Ylvisåker, Bjørn Indrebø, Nina Søfting, Nina Anita Johansen, Therese Helen Moen, Laila Eldegard, Jorunn Smedegård, Trine Hestetun, Inger Susann Teigen, Ann Evy Lerum, Merete Øren, Siv Veronika Nilsen, Elin Kvam, Amor Langeteig, Bente Ålsberg Nesse, kommunedirektør Mette Hestetun Berg og ordførar Christian Sønstlien. I tillegg har Ingeborg Øren 25 års tenestetid.Bilde av 40 års jubilanten saman med kommunedirektøren og ordføraren - Klikk for stort bilete40 års jubilant: Kommunedirektør Mette Hestetun Berg, Vigdis Hilleren, ordførar Christian Sønstlien

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilde av musikantane frå Årdal kulturskule - Klikk for stort bileteTusen takk til elevar og rektor ved Årdal kulturskule som stod for dagens flotte underhaldning