Markering av frigjering og veterandagen 8. mai

Dagen er markert ved blomenedlegging på franskmannen Jean Thomas si grav i Øvre Årdal, ved minnestøtta til Thorvald Lægreid i Vassbugen og på austarbeidargrava på kyrkjegarden på Årdalstangen. Til stades ved blomenedlegginga var kommunedirektør Mette Hestetun Berg og kommuneoverlege Jacob Andersen, som sjølv er veteran.

Med blomenedlegginga  heidrar kommunen dei som deltok i kampen for fridomen og dei som gav livet i 2 verdskrig.

Samstundes rettar kommunen ei takk til alle krigsveteranar i Årdal som, i ulike tider og i ulike operasjonar, har stilt opp i teneste for fred, fridom og tryggleik – heime og ute.

Årdal kommune har i desse dagar hatt eit forslag til ein veteranplan ute til høyring.

Årdal kommune er ein av kommunane bak Veteranplan for Sognaregionen, saman med Sogndal, Lærdal, Aurland, Luster og Vik. Planen er eit politisk styringsdokument for anerkjenning, ivaretaking og oppfølging av veteranar og familiane deira i regionen.

Planen legg særleg vekt på:

  • Anerkjenning av veteranar sin innsats, mellom anna gjennom markeringar som 8. mai – frigjerings- og veterandagen.
  • Synleggjering av lokale veteranar og deira rolle i lokalsamfunnet
  • Forplikting frå kommunane, også Årdal, til systematisk oppfølging
  • Samarbeid mellom kommune, Forsvaret, helsetenester og frivillige organisasjonar

Planen skal etter at den no har vore ute på høyring opp til politisk handsaming i alle kommunane i Sogneregionen.