Leverandør til skisseprosjekt for nytt omsorgssenter er valt

Årdal kommune har i vår hatt ute anbod for prosjektering av skisseprosjekt, med opsjon på forprosjekt for bygging av nytt omsorgssenter på Årdalstangen.

20 tilbydarar leverte inn anbod til prekvalifisering og fem av desse vart teken med i vidare forhandlingar.

Etter forhandlingane er det no klart at kommunen vil gå vidare med og inngå avtale med Norconsult AS.

Arbeidet med skisseprosjektet vil ta til i midten av august. Det var i utgangspunktet planlagt oppstart arbeide før ferien men etter at kommunen måtte legge ut anbodet på Doffin vart arbeidet utsett til over ferien.

Pål Bjørkhaug, avdelingsleiar for Arkitektur & Landskap hjå Norconsult, seier i ein uttale "at Norconsult-kontora i Årdal, Sogndal og Bergen er særs glade for å ha vorten valt som rådgjevar i samband med utviklinga av det nye omsorgssenteret på Årdalstangen. Vi ser fram til eit godt samarbeid - og saman med Årdal kommune skal vi i lag utvikle eit godt og framtidsretta prosjekt for heile Årdalssamfunnet."

Årdal kommune er glad for å få ein særs røynd samarbeidspart med seg i arbeidet med det nye omsorgssenteret. Framover vil det vere viktig å sikre ei god framdrift samt ei brei involvering av tilsette og brukarar.  

Kontaktpersonar for prosjekt nytt omsorgssenter;
Ellen Petrine Fretheim, kommunalsjef teknisk, plan og miljø
Mette Hestetun Berg, kommunalsjef helse, omsorg og NAV