Ledig stilling Kommunalsjef oppvekst, frivilligheit og kultur

Som kommune speler me ei sentral rolle i kvardagen og livskvaliteten til innbyggjarane våre. Ansvaret vårt er å leggja til rette for gode og samanhengande tenester som møter menneska der dei er.  Så me søkjer ein strategisk og engasjert kommunesjef for Oppvekst, frivilligheit og kultur.

Illustrasjon om ledig stilling som Kommunalsjef oppveskt, frivilligheit og kultur. - Klikk for stort bilete

Me ser etter ein strategisk, tydeleg og samlande kommunalsjef for oppvekst, frivilligheit og kultur, som ynskjer å delta aktivt i dei omstillingane kommunen står i og ta del i ansvaret for viktige samfunnstenester. I denne sentrale leiarrolla får du ansvar for ein stor og mangfaldig sektor: grunnskule, barnehagar, vaksenopplæring, PPT, barnevern, kulturskule, bibliotek, fritidsklubb, frivilligsentral og idrett. Saman skal me løysa viktige oppgåver – frå førebyggjande arbeid retta mot barn og unge til eit rikt kultur- og fritidsliv for heile lokalsamfunnet.

Me ser etter deg som har lyst til å gjere ein skilnad for barn, unge og heile lokalsamfunnet i Årdal. Du er ein leiar som skapar retning og driv utvikling, samstundes som du er til stades, lyttar og byggjer tillit rundt deg.

Les meir om stillinga og søk elektronisk på Hamnøy si side.