Fugleinfluensa

Kommunen er i beredskap om det skulle bli oppdaga større mengde daude fuglar. Har du oppdaga daude eller sjuke fuglar og andre dyr, ikkje ta på dei, og mistenkjer du fugleinfluensa? da skal du melda fra til Mattilsynet.

Mattilsynet ønskjer meldingar om desse artane:

  • andefuglar
  • havsular 
  • måsefuglar
  • vadefuglar 
  • rovfuglar, spesielt ørn og musvåk 
  • åtseletara, kråkefugler
  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
  • rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe, sjå symptomar under)
  • sjøpattedyr, spesielt steinkobbe og havert, se symptomer under

Les meir om syntomane her

Meld frå til mattilsynet her:

Fortell mattilsynet om:

  • kommune, postnummer, adresse og helst kartreferanse (som du kan finna i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
  • korleis art det gjeld
  • kor mange fuglar det gjeld
Måse

Det har vore eit større utbrot av fugleinfluensa hovedsakleg i Nord-Noreg i sommar, og i slutten av juli vart det også påvist fugleinfluensa på ei gråmåke i Gloppen kommune her i Vestland fylke.

Sjølv om viruset svært sjeldan smittar til menneske er det viktig at ved tilfelle der du mistenkjer fugleinfluensa ikkje tek på fuglen eller let kjæledyr koma i kontakt med den. Sjuk fugl skal vera i fred.

Dersom det blir påvist funn av fugleinfluensa i Årdal kommune vil det bli organisert henting i regi av kommunen i samarbeid med Mattilsynet. Om dette vert aktuelt vil det bli informert om det på kommunen sin heimeside.

SIMAS kan på bestilling frå ein kommune, etablere mottakspunkt og transport av daude fuglar etter retningslinjer frå Mattilsynet om det blir naudsynt.

SIMAS undersøkjer med sine transportørar og mottaksanlegg for avklaringar, slik at me i størst mogleg grad er forberedt om eit utbrot av fugleinfluensa skulle råka Sogn.

Sjå fleire svar til innbyggere om fugleinfluensa