Bakgrunn for arbeidet er oppdraget administrasjonen fekk i kommunestyresak 052/24 å greie ut ny struktur for barnehagesektoren i Årdal.
Det vart lagt fram sak til møte i Utval for Oppvekst og Kultur 20.11.2024 med framlegg om endring av barnehagestrukturen. Denne saka var vedteke sendt tilbake til administrasjon for nærare utgreiing.
Det vart gjennomført eit oppstartsmøte med dialogkafe den 13 oktober og det er sett ned ei arbeidsgruppe beståande av kommunedirektør, representantar frå barnehagestyrarane og tillitsvalde. Arbeidsgruppa skulle ha klar ei anbefaling i tide til handsaming i utval for levekår i november.
Årsaken til behovet for ny struktur er samansett men skuldast fyrst og fremst barnetalsnedgang. Kommunen har ein overkapasitet i dagens barnehagar. Framskrivingar varslar ytterlegare nedgang.
I tillegg er den fysiske tilstanden til fleire barnehagar slik at ein må forvente rehabilitering/ ombygging og administrasjonen meinar ein må sjå dette i samanhang med ein debatt om strukturen på barnehagane.
Arbeidsgruppa si anbefaling som vil bli lagt fram til politisk handsaming er:
- Haugane barnehage blir lagt ned i samband med nytt barnehageår 2026.
- På lenger sikt vil arbeidsgruppa føreslå å redusere tal barnehagar frå 4 til 2 i Øvre Årdal og frå 2- 1 på Årdalstangen i takt med befolkningsutviklinga.
Vidare arbeid med barnehagestrukturen vil gå parallelt med arbeidet med skulestruktur. Dette arbeidet skal vere ferdig innan 2026.
Dersom forslaget om nedlegging blir vedteke vil det saman med tilsette, foreldre, tillitsvalde og verneombod bli arbeidd med ein plan for å sikre gode overgangar for dei barna som i dag er i Haugane samt dei tilsette i Haugane barnehage.
Dei tilsette og SU i Haugane vart gjort kjend med arbeidsgruppa si anbefaling på møte den 5 november. På dette møtet deltok kommunedirektør, Hovudtillitsvald Fagforbundet og Hovudtillitsvald frå Utdanningsforbundet.