Med bakgrunn i det positive resultatet blir det gjort ei avsetjing til disposisjonsfondet på 17,4 millionar kroner. Disposisjonsfondet aukar med dette frå om lag 27 millionar kroner til 44,5 millionar kroner, noko som svarer til 5,7 prosent av kommunen sine samla driftsinntekter.
Den positive utviklinga i rekneskapen kan særleg forklarast med:
- Auka sentrale inntekter på 10 mill. kr
- Lågare netto finansutgifter på 8 mill. kr
- Meirforbruk i sektorane totalt på 3 mill. kr
Samla sett gjev dette eit resultat som er betre enn venta, og som bidreg til å byggje opp igjen naudsynt buffer.
Behov for vidare økonomiske tilpassingar
Trass i eit positivt rekneskapsresultat understrekar kommunedirektøren at kommunen framleis står overfor betydelege utfordringar i åra som kjem.
– Budsjettet for 2026 syner at vi må halde fram med å prioritere, effektivisere og tilpasse tenestene våre til den demografiske utviklinga, seier kommunedirektøren.
Utviklinga i innbyggjartalet viser:
- Nedgang i tal fødslar
- Auke i delen av eldre innbyggjarar
Dette påverkar både driftskostnader og behovet for omstilling framover.
Sjølv med betre resultat enn venta, er det framleis naudsynt med stram økonomistyring i 2026. Kommunen held fast ved dei vedtekne strategiane innan oppvekst, helse og omsorg.
Årdal kommune vil i 2026 arbeide vidare med tiltak som styrkjer økonomien, samtidig som ein tek vare på tenestetilbodet til innbyggjarane. Oppbygginga av disposisjonsfondet er ein sentral del av dette arbeidet og vil bidra til å sikre nødvendig handlingsrom i møte med framtidige utfordringar og investeringar.