Felles busstransport - Forsvar Lærdal sjukehus
Buss til Lærdal i forbindelse med helseministeren sitt besøk. Me er så heldige at Tide buss stiller opp for oss med to bussar og sjåførar i arbeidet med å bevare tilboda ved sjukehuset i Lærdal. Stor takk til Årdal Næringssamskipnad og som tar kostnaden ved bussane.
Det er begrensa med plassar (95 totalt), så ein lyt melde seg på for å vere med. Førstemann til mølla.
Vanleg busstrase frå Øvre Årdal (Start i Flotavegen): kl. 15:45
Vanleg busstrase på Årdalstangen: kl. 16:05
Ring tenestetorget til Årdal kommune på tlf. 57665000 for påmelding.
Opningstida på tenestetorget er 07:30 - 15:30.
Retur etter arrangementet er ferdig i Idrettshallen.
Vonar så mange som mogeleg har høve til å vere med å vise si støtte i denne viktige saka!

Sist endra 24.10.2025 10:01