Digital handlingsrettleiar for barn og unge er no på plass

I Årdal kommune har me fokus på at barn og unge skal ha det trygt og godt. Gjennom satsinga Betre tverrfagleg innsats (BTI) har kommunen sidan 2012 arbeidd for å styrkja det førebyggjande arbeidet og samarbeidet rundt barn, unge og familiar.

No er kommunen sin handlingsrettleiar digitalisert og gjort tilgjengeleg for alle.

Den digitale handlingsrettleiaren gir rettleiing til føresette, tilsette  og andre som kjenner uro for eit barn eller ein ungdom. Her finn du informasjon om kva du kan gjera når du er bekymra, kva hjelp som fins, og korleis tenestane i Årdal kommune samarbeider for å sikra tidleg innsats og god oppfølging.

Målet er å gjera det enklare å finne rett informasjon til rett tid, slik at barn og unge får den støtta dei treng så tidleg som mogleg.

Den digitale handlingsrettleiaren er no lansert og klar til bruk, og me oppmodar alle som ønskjer meir informasjon om kommunen sitt arbeid for barn og unge til å ta ein kikk.