Dialogkafe og gratis kino

11. november inviterte Årdal Eldreråd til gratis visning av storfilmen Blücher. Årdal kommune inviterte til Dialogkafè etter filmframsyninga.

Det var gledeleg å sjå at vel 50 deltok på filmframsyninga og Dialogkafèen.

Nokre av tema desse blei bed om å reflektere over og drøfte var:

  • Kva er god omsorg for deg?
  • Korleis kan me sikre at eldre får leve eit verdig og meiningsfylt liv - og med behov for hjelp?
  • Kvar vil du bu og motta tenester?
  • Kva rolle bør teknologi spele i omsorgstenesta og kva er viktig å tenkje på når me tek i bruk velferdsteknologi?

Helse og omsorgstenesta fekk mange gode innspel som me tek med oss i det vidare arbeidet med å bygge framtidas erldreomsorg i Årdal.

Eldrekino - Blücher - Klikk for stort bilete
Bilete frå dialogkafe om Framtidas eldreomsorg - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Takkar for godt oppmøte og ein ekstra takk til Patricia Seglem Lægreid, Oddgeir Øren, Sigrid Karin Solvoll og Kirsti Eklund som var med som fasilitatorar.