Det vert ikkje utplassert kontainarar til hageavfall

Denne våren vert det ikkje plassert ut kontainarar til hageavfall rundt om i kommunen. Har du hageavfall må du sjølv køyre dette til Sunde Resirk og sortere der.

Det er gjort avtale med Sunde Resirk om ein ekstra open dag laurdag 22. april frå kl. 09.00 – 15.00.

Kommunen har hatt ei ordning med å sette ut eigne konteinarar for hageavfall (gras og kvist).
Dette vart gjort som eit ekstra tiltak for å bli kvitt hageavfall som vart kasta i dunken for restavfall og levert i Geithus.

Erfaring etter fleire år med dette tilbodet er at det blir kasta mykje forskjellig i konteinarane – og ikkje berre hageavfall som kvist og gras. Det blir funne søppelsekkar med avfall, mykje plastavfall, store tre og bruksting. Det krev at innhaldet må sorterast igjen før det kan lagrast for kompostering.

Tilbodet vert derfor fjerna frå i år og innbyggarane må sjølve levere hageavfall direkte på Sunde Resirk.

Les om korleis sortere hageavfallet ditt best mogleg.

Les om Sunde Resirk.