Bli med på hjerneløftet!

Hjerneløftet er eit gratis digitalt lågterskeltilbod med eitt mål: å gjeva folk konkrete forskningsbaserte råd for å styrke hjernehelsa og forebygge demens. Prosjektet er i regi av Nasjonalt senter for aldring og helse.

Rundt 115 000 nordmenn lever med demens, og det er forventa at talet kjem til å stige kraftig i åra som kjem. Ny forsking viser at minst 40 % av årsakene til at nokon utviklar demens, handlar om livsstil og miljø – altså ting du kan endre.

Hjerneløftet gjev verktøya og kunnskapen folk treng for å gjera små, men effektive grep i kvardagen – på område som fysisk aktivitet, kosthald, søvn, sosialt samvær og mental stimulering.

Det er Nasjonalt senter for aldring og helse som står bak Hjerneløftet. Målet med Hjerneløftet er å auke bevisstheita om betydning av levevaner – og at ein sjølv kan ta grep for ein sunn og aktiv hjernehelse gjennom heile livet.

Slik fungerer Hjerneløftet:

  • Du melder deg på med e-postadressa di
  • Du får tilsendt ein digital leksjon kvar månad i 10 månadar
  • Kvar leksjon inneheld enkle øvelsar og inspirasjon til små endringar
  • Deltakaren kan også få korte påminningar og tips på SMS
  • Tilbodet er heilt gratis og ope for alle
     

Små grep – stor gevinst! Bli med på Hjerneløftet! Meld deg på her.

Her er det ingen peikefinger. I stadet får du fun-facts, oppmuntring, testar og konkrete råd.