• Gjentakande aktivitet
  • Hendelse

Korpsøving

Dato

Tysdag 24. november 2026

Tidspunkt

kl. 18:30 - 20:30

Stad

Årdal Kino (inngang frå baksida)

Last ned kalenderfil (.ics)

Velkommen til oss i Årdalstangen Musikklag. Hjå oss er det inga aldersgrense, verken nedover eller oppover - og heller ing opptaksprøve. Me er eit janitsjarkorps og har trong for folk på alle instrument. Du treng ikkje ha eige instrument. Dei fleste instrumenttypane har me på lager og viss ikkje, skaffar vi det.

Øvingsstaden vår er kinosalen på Årdalstangen. Me nyttar inngang frå baksida (berre ei dør å velje i) - gå ned trappa og inn til høgre så finn du oss.

Korpsåret følger i all hovudsak skuleåret. Midtvegs i øvinga har vi ei lita pause. Då vankar det kaffe, litt å bite i og ei og anna god historie.


 

 

Har du spelt før, tilbyr vi oppfriskingskurs om du ynskjer det. Den beste læringa er nok berre å begynne!

Om du ikkje kjenner nokon i korpset, ta gjerne kontakt med dirigent Oddgeir Øren (tlf. 97524504) eller styreleiar Kristing H. Horge (tlf. 91308849) så møter vi deg gjerne på førehand for ein liten prat. Eller kom heilt uvarsla og overrask oss. 😀

 

Du finn meir informasjon om oss på heimesida vår https://www.ardalstangenmusikklag.no/ eller FB-sida vår https://www.facebook.com/ardalstangenmusikklag/

 

Nokre av våre faste speleoppdrag:

- Vårkonsert som regel tidleg i mars.

- Julekonsert i eigen regi tidleg i desember.

- Helgemessekonsert på kyrkjegarden (ei veldig spesiell oppleving, les om den på heimesida vår)

- 17. mai-oppdrag: "Fullbooka" dag, men me klarar oss bra om alle ikkje er med. Og me marsjerar ikkje, men sitt på lastebil og spelar i toget.

Dagar aktiviteten går føre seg

November

  • 10.11.2026
  • 17.11.2026
  • 24.11.2026

Desember

  • 01.12.2026
  • 08.12.2026

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Årdal Kino (inngang frå baksida)

Om arrangementet

Pris voksen
Medlemskontingent kr. 600 pr. år