Hageavfall

Hageavfall er alt biologisk nedbrytbart avfall som oppstår i og rundt hagen. Dette kan til dømes vere gras/ugras, lauv, hageplantar, greiner og kvist. 

Hageavfall som dumpast i friområde og natur reknast som forsøpling, og er ulovleg i henhold til Forureiningslova § 28. Kommunen kan påleggje hageeigarar og bebuarar opprydding. Hageavfall kan leverast til næraste gjenvinningsstasjon og mindre mengder kan òg leggjast i matavfallsdunken.

NB! Dette gjeld ikkje svartelista og framande artar. Desse skal ikkje leverast blanda saman med anna hageavfall. Du kan lese meir om dette på Simas sine nettsider.

 

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Klima- og miljørådgjevar
E-post
Telefon 95 20 96 73