Rein Sognefjord 2026

Saman gjer me ein større forskjell! Bli med på ryddedugnaden Rein Sognefjord 

Aksjonen Rein Sognefjord er 10 september 2026.

Rein Sognefjord er ein strandryddedugnad. En strandryddedugnad er en dugnad der frivillige vel seg eit område de vil rydde fritt for forsøpling. Det er mange som ryddar land og strand rundt om i Noreg, men det som gjer at denna dugnaden er annarledes frå andre, er at me prøver å få med så mange som mogleg på å rydde på så kort tid som mulig på ein dag. Da ser ein effektane av at det verkeleg hjelper når mange er med å bidrar på kvar sin måte i kvart sitt område. Ein kan rydde ved fjorden, men ein kan og rydde i sitt nærmiljø, da alt forsøpling på land vil til slutt havne i fjorden. Avfallet må leverast i container, meir informasjon om plassering kjem.

Framtidshavet står for organiseringa, og Årdal kommune ynskjer å bidra til å hjelpe med ryddedugnaden ved å engasjere Årdalssamfunnet og hjelpe til med utlevering av utstyr samt dele informasjon. Utstyr som hanskar og sekker kan hentast på Rådhuset, Statsråd Evensensveg 4.

Det trengs mykje folk denne dagen, og ein kan velge seg kva rolle ein ynskjer å ha i dugnaden.
Ein kan vere med som lokal ryddeleiar eller frivillig ryddar, les meir om kva det inneberer på sidan roller og oppgåver. Framtidshavet har “motivasjonsmidlar” til denne ryddedugnaden. Motivasjonsmidlar er for ryddelag som ynskjer å samles for å ete noke godt før eller etter aksjonen. Bruk dette skjemaet (XLSX, 13 kB) for å få refundert utlegg. Hugs å legg ved kvittering.

Hjelp oss med å spre ordet om dugnaden!
Følg Framtidshavet på facebook og instagram og meld deg på nyhetsbrevet, og send informasjonen vidare.

Sjå Framtidshavet for meir informasjon

Har du spørsmål?

Stine Ohrvik
Klima- og miljørådgjevar
E-post
Telefon 95 20 96 73