Hjelp til å skaffe eller behalde bustad

Enkelte har behov for bistand til å finna eller til å behalde bustad. Kommunen gir hjelp til å skaffa bustad eller til å behalde bustad til personar som treng hjelp til å ivareta sine interesser på bustadmarknaden.

Kva kan du få hjelp til?

  • Søkje etter bustad du kan leige
  • Søkje på bustønad og andre tenester knytt til bustad
  • Rettleiing i personleg økonomi
  • Rettleiing for å ikkje mista bustaden du bur i
  • Rettleiing og bistand til bumeistring
  • Søkje lån og tilskot til kjøp, utbedring eller refinansiering av bustad
  • Søkje lån og tilskot til tilpasning av bustad på grunn av alder eller funksjonsnedsetjing
  • Rettleiing rundt det praktiske ved å kjøpe bustad
  • Skaffe bustad med tilpassingar og hjelpetiltak om du treng det på grunn av alder, funksjonsnedsetjing eller andre årsaker.
  • Anna rettleiing om bustad

Kven kan søkje?

  • Personar med lovleg opphald i Noreg
  • Personar som ikkje har plass å bu, som står i fare for å minste bustaden sin eller som har ein bustad som ikkje er egna å bu i
  • Personar som treng hjelp til å skaffe eller behalde bustaden

Dersom du er student eller du kan skaffe leigd bustad sjølv eller spare til kjøp av bustad på eige hand, er du ikkje i målgruppa for hjelp til å skaffe eller behalde bustad

Slik søkjer du

Du kan søkje skriftleg eller munnleg.

Om du vil søkje skriftleg må du fylle ut søknadskjema og levere/sende det til bustadkontoret i Årdal kommune.

Har du ei aktiv sak hjå NAV kan du levere søknad der.

Dersom du ynskje rå søkje munnleg kan du ta kontakt med bustadkontoret i Årdal kommune, via NAV Årdal.

Dette må du legge ved søknaden din:

  • Dersom du ikkje har bustad bør du legge ved stadfesting på dette. Det kan vere stadfesting frå døgnovernattingsstad, institusjon, asylmottak, fengsel eller eit anna offentleg kontor som du mottek tenester frå.
  • Dersom du er i ferd med å miste bustaden du bur i, bør du skrive noko om kvifor i søknaden. Du bør og legge ved kopi av leigekontrakten.
  • Dersom du ikkje har bustad som er egna å bu i, bør du skrive noko om kvifor i søknaden. Etter at du har sendt inn søknaden kan du bli bedt om å levere inn dokumentasjon som viser kvifor.
  • Dersom du ynskjer at kommunen innhentar informasjon og dokumentasjon som er nødvendig for å behandle søknaden din, må du samtykkje til dette.

Søknadsfrist:

Du kan søkje heile året.

Kva skjer etter du har sendt inn søknaden?

Du vil få ei stadfesting på at søknaden er motteken innan to veke.

Du vil få eit skriftleg svar (vedtak) når søknaden din er behandla. I vedtaket står det kva hjelp du vil få, samt kva tenester som har ansvar for å hjelpe deg. 

Dersom sakshandsaminga tek lenger enn ein månad, får du beskjed om dette.

Søknadsskjema - Hjelp til å skaffe eller behalde bustad

Papirformat: Søknadsskjema - Hjelp til å skaffe eller behalde bustad

Klage

Dersom du er ueinig i svaret/vedtaket kan du klage. Klagefristen er tre veke frå du har motteke svaret. I klagen må du skrive kva du klagar på og informere om eventuelle nye opplysningar. Send klagen til det NAV Årdal. Meir informasjon om klage og korleis du gjer det står det meir om i vedtaket.

Behandling av personopplysningar

Les om korleis Årdal kommune behandlar dine personopplysningar.

Meir informasjon og nyttige lenker

Lov om kommunen sitt ansvar på det bustadsosiale feltet

Husbanken sine ordningar