Ekstremværet "Amy"

Skadene etter uveret natt til laurdag er store. Kartleggjing av skader og sikringsarbeid pågår løpande, men dette vil ta tid. Sjølv om det no ser ut til at vinden har avteke noko, betyr ikkje dette at faren for ytterlegare skader er over.  Mellom anna har mange bygg omfattande skader på tak, lause taksteinar og takplater kan framleis losna og flyttast med vinden.

Årdal kommune vil difor oppmoda publikum om å ikkje oppsøka eller opphalda seg unødig ved desse bygga inn til sikringstiltak er gjennomførte. På same måte må ein syna varsemd når ein ferdast etter vegane der det framleis er fare for at tre og anna kan falla ut i vegbana.

Status

“Blokkebakken” - Vollevegen, Årdalstangen er stengt til søndag. Det blir utført oppryddingsarbeid søndag.

Samfunnstryggleik og beredskap

Til toppen