Varsel om planarbeid - Oppheving av reguleringsplanar

Årdal kommune varslar med dette, i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-14 og 12-8, oppstart av planarbeid der det vurderast å oppheve fleire reguleringsplanar.

Bakgrunnen er at kommunen no arbeider med revisjon av kommuneplanens arealdel. Som del av dette arbeidet er samtlige reguleringsplanar i kommunen (92 stk) gjennomgått og vurdert. Føremålet har vore å rydde opp i planregisteret og sikre at berre relevante og oppdaterte planar vert ståande att for framtidig arealforvaltning, og å avklare korleis ein skal ta omsyn til eldre reguleringsplaner i ny kommuneplan.

Planar som vert vurdert oppheva

Kommunen vurderar å oppheve totalt 32 reguleringsplanar, lista opp under:

1.      Reguleringsplan for Svalheim - PlanID: 4643_1424-1979001 - Vedtaksdato: 04.10.1979
2.      Bebyggelsesplan for gnr. 11, bnr. 1 Storøyni. Utladalen – PlanID: 4643_1424-1989001 – Vedtaksdato: 10.10.1989
3.      Reguleringsplan for Temmersletti – PlanID: 4643_1424-1986001 - Vedtaksdato: 26.04.1986
4.      Reguleringsplan for I2 feltet i Seimsdal – PlanID: 4643_1424-1987002- Vedtaksdato: 01.02.1987
5.      Reguleringsplan for industriområde ved Finnsåstunnelen – PlanID: 4643_1424-1999004 - Vedtaksdato: 11.11.1999
6.      Reguleringsplan for gartneritomta på Lægreid – PlanID: 4643_1424-1996006 - Vedtaksdato: 10.10.1996
7.      Reguleringsplan for Loi – PlanID: 4643_1424-2002001 - Vedtaksdato: 19.12.2002
8.      Reguleringsplan for vassbugen – PlanID: 4643_1424-1992002 - Vedtaksdato: 02.10.1992
9.      Utbyggingsplan for Farnes sentrum – PlanID: 4643_1424-1990002 - Vedtaksdato: 05.07.1990
10.  Reguleringsplan for Naustbukta – PlanID: 4643_1424-1996003 - Vedtaksdato: 11.01.1996
11.  Reguleringsplan for Vesvegen 23 og 25 – PlanID: 4643_1424-1980006 - Vedtaksdato: 11.03.1981
12.  Reguleringsplan for Saltviki – PlanID: 4643_1424-1985005 - Vedtaksdato: 26.11.1985
13.  Reguleringsplan for Vollevegen gang og sykkelveg – PlanID: 4643_1424-1985001 - Vedtaksdato: 13.06.1985
14.  Reguleringsplan for Dalen – Teigavegen – PlanID: 4643_1424-1984001 - Vedtaksdato: 16.05.1984
15.  Reguleringsplan for Grandane – PlanID: 1424-1999002 - Vedtaksdato: 08.04.1999
16.  L2 Feltet i Seimsdal Sjukeheim - mve – PlanID: 4643_1424-2001004 - Vedtaksdato: 04.12.2001
17.  Reguleringsplan for Saltviki – PlanID: 4643_1424-2007002 - Vedtaksdato: 03.07.2007
18.  Reguleringsplan for Seimsdal – PlanID: 4643_1424-1988001 - Vedtaksdato: 24.03.1988
19.  Utbyggingsplan for Tyedalen, felt H8 – PlanID: 4643_1424-2008002 - Vedtaksdato: 08.04.2008
20.  Utbyggingsplan for Torolmen Aust – PlanID: 4643_1424-2006005 - Vedtaksdato: 22.06.2006
21.  Reguleringsplan for Ytre Moa, del av Årdal Metallverk – PlanID: 4643_1424-1998007 - Vedtaksdato: 17.12.1998
22.  Reguleringsplan for Elvavegen og del av Jotun Stadion II – PlanID: 4643_1424-2008001 - Vedtaksdato: 11.02.2008
23.  Reguleringsplan for del av Farnes – Ådalsstova – PlanID: 4643_1424-2009001 - Vedtaksdato: 02.05.2009
24.  Reguleringsplan for gangveg langs RV53 frå Vassbugen til Loi – PlanID: 4643_1424-1993003 - Vedtaksdato: 30.09.1993
25.  Reguleringsplan for Brekkehagen – PlanID: 4643_1424-2007006 - Vedtaksdato: 13.12.2007
26.  Utbyggingsplan for Storøyni – PlanID: 4643_1424-2007008 - Vedtaksdato: 27.02.2008
27.  Reguleringsplan for Dalen Industrifelt – PlanID: 4643_1424-1988003 - Vedtaksdato: 10.11.1988
28.  Reguleringsplan for Vesteigane – PlanID: 4643_1424-1981002 - Vedtaksdato: 21.05.1981
29.  Gang og sykkelveg Farnes[1]Almenhagen parsell 1 – PlanID: 4643_1424-1987005 - Vedtaksdato: 28.08.1987
30.  Reguleringsplan for forlenging av Naustbukttunnelen – PlanID: 4643_1424-2007004 - Vedtaksdato: 26.04.2007
31.  Reguleringsplan for Storevegen 2 og 4 – PlanID: 4643_1424-2000001 - Vedtaksdato: 16.06.2000
32.  Utbyggingsplan for Tyedalen, felt H5 – PlanID: 4643_1424-2008003 - Vedtaksdato: 08.04.2008

 

Informasjon om planarbeidet

Kommunen har gått gjennom samtlege reguleringsplaner og vurdert om desse bør vidareførast, opphevast eller endrast. Det er utarbeida ein rapport som forklarer bakgrunnen for arbeidet, framgangsmåte i vurderingene som er gjort og inneheld oversikt over vurderinga for kvar einskild reguleringsplan. Dokumentet ligg vedlagt nedanfor. Her finn ein meir detaljert informasjon om grunnlaget for vurderingane. Ta kontakt med kommunen dersom du ønskjer å få tilsendt kartutsnitt for reguleringsplanar eller anna informasjon. På arealplaner.no finn ein plandokument for kommunens reguleringsplanar. 

 

Vidare saksgang

Etter fristen for å komme med innspel er utgått vil kommunen vurdere desse, før det vert utarbeidd saksframlegg til politisk handsaming. Planarbeidet vil deretter sendast ut på høyring og til offentleg ettersyn der det vil være mogleg å komme med merknader. Endeleg vedtak om oppheving vert fatta av kommunestyret.

 

Innspel

Dersom du har innspel til planarbeidet, supplerande opplysningar, synspunkt eller anna informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du sender dette til postmottaket for Årdal kommune:

postmottak@ardal.kommune.no

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

 

Frist for å sende inn innspel er sett til 28. september 2025.

 

Vedlegg:  Vurdering av reguleringsplanar.pdf (PDF, 921 kB)